Pris, pils og plateselskap
Gløym Champagne og prosecco, årets dialektprisvinnarar held det enkelt og har nynorsken på plass, men det har dessverre ikkje alle i musikkbransjen.
Borghild Kvæven, Studentmållaget i Volda
Søndag 12. november har nettene blitt kalde og kulda sett inn, men Operaen er nærast fullsett, og Odd Nordstoga og Ingebjørg Brattland lyser opp hovudsalen med fagre tonar. Idet dei bukkar og takkar ein siste gong, blir duoen plutseleg avbroten av Målungdomen sin eigen leiar, Tobias Eikeland, som kjem ruslande ut på Operascena. Forvirringa er stor.
– Heilt sidan Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland sleppte sitt fyrste album i lag i 2013, har dei aktivt brukt både nynorsk og dialekter i arbeidet sitt på ein framifrå måte. Dette fortener ein dialektpris, erklærer Eikeland.
Jubelen rungar i salen. Dialektprisen blir delt ut for 22. gong. Vinnarduoen er ikledd matchande smil idet dei går av scena med pris i handa, men å halde på nynorsken er ikkje så lett som ingenting i bransjen.
– Folk er dårlegare på nynorsk enn ein skulle tru
Nokre minutt seinare kjem prisvinnarane med pils i handa, og Nordstoga har bytta ut skjorte og slips med burgunder vans-t-skjorte.
– Det er veldig lenge sidan eg har fått ein pris, så det var artig, humrar vinbyggjaren.
Prisen kom som ei overrasking på både han og Bratland idet dei bukka og takka etter sin siste konsert i Operaen.
– Me ante jo ingenting, men det er veldig stas det blir lagd merke til, smiler Bratland.
Sjølv om desse to er svært stødige i dialekta i musikken sin, har dei likevel møtt på utfordringar i bransjen:
– Det er veldig få plateselskap og andre plasser me jobbar som skriv bra nynorsk. Folk er dårlegare på nynorsk enn ein skulle tru, derfor må me ta meir ansvar sjølv enn andre for å få det til, seier Nordstoga.
Bratland nikker og legg til:
– Ja, eg har sendt reglar til både den eine og den andre som dei må lime opp på kontoret sitt sånn at dei kan bli litt betre.
– Ja det har ho, ler Nordstoga.
Men sjølv om målforma kan by på utfordringar, har det aldri vore noko anna alternativ.
Unaturleg utan dialekt
Det kan verke som om dialekt er ei suksessoppskrift, fordi duoen frå Vinje er ikkje framand for å sanka prisar; dei vart tildelt Spellemannsprisen for sitt første duoalbum «Heimafrå». Og nå har dei altså også fått pris under turneen av si andre plate «Langt heimafrå.»
– Det er viktig for oss at me er ekte og genuine i musikken vår, og om me ikkje hadde sunge på dialekta vår, hadde det vore litt rart, seier Bratland.
– Ja, det hadde vore veldig rart, nikkar Nordstoga.
Begge meiner det rett og slett ville vore heilt unaturleg å synge på anna vis, og har ingen planer om å stoppe med det.
Før dei ferske prisvinnarane trer av for kvelden, kjem dei med to gode anbefalingar til alle som brukar dialekt og skriv nynorsk:
– Det er viktig å skrive nynorsk når ein først er nynorskbrukar, det tenker eg ein del på, seier Nordstoga.
Bratland held det så enkelt som så:
– Det er berre å bruke dialekta!
Tidlegare vinnarar av dialektprisen:
2022: Karsten Warholm
2021: Kjartan Lauritzen
2020: Victor Sotberg
2019: Helsesista
2018: Lothepus
2017: Silje Nordnes, Ronny Brede Aase og Markus Neby for P3morgen
2016: Josefine Frida Pettersen
2015: Daniel Kvammen
2014: NRK og TV2 sitt felles VM-studie for fotball-VM 2014
2013: Tønes
2012: Harald Rønneberg
2011: Therese Johaug
2010: Lars Vaular
2009: Eli Kari Gjengedal
2008: Linda Eide
2007: Ingrid Bolsø Berdal
2006: Hopalong Knut
2005: Are og Odin
2004: Ravi
2003: Filmen United ved regissør Magnus Martens
2001: Tungtvann