Ein prat med Tonje Brenna om opplæringslova

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) la fram framlegg til ny opplæringslov førre fredag, 24. mars 2023. Arbeidet med denne lova har vara sidan 2017. Guri Melby (V) leverte frå seg sitt framlegg til ny opplæringslov i august 2021, like før stortingsvalet. Då Brenna skulle leggje fram regjeringa Støre sitt nye framlegg til ny opplæringslov, låg spenninga for mange i om lovframlegget deira er betre for nynorskelevane.

Motmæle deltok på pressekonferansen, der me fekk eit intervju med statsråden.

Bilete av framlegget til ny opplæringslov (2023)
Framlegg til ny opplæringslov.
Foto: Tobias Christensen Eikeland / Motmæle.

Utvidar språkdelt opplæring til ungdomsskulen

– Med denne lova styrkjer vi rettane til dei som brukar eit sidemål. I framlegget til ny opplæringslov utvidar vi retten til opplæring i eiga gruppe på det skriftspråket kommunen ikkje har vedtatt som hovudmål når minst ti elevar på same trinn i kommunen ønsker det. I dag gjeld retten berre på barneskulen, men vi foreslår at den same retten blir utvida til også å gjelde ungdomsskulen, fortel kunnskapsminister Tonje Brenna til Motmæle.

For Norsk Målungdom har språkdelt ungdomsskole vore eit krav til den nye opplæringslova gjennom heile prosessen, og feira denne sigeren i 2021 (Framtida.no), då Guri Melby (V) leverte dette i sitt framlegg til ny opplæringslov.

– Med denne lova styrkjer vi rettane til dei som brukar eit sidemål.

Skriveprogram må støtte nynorsk, utan atterhald

– Det blir også foreslått å innføre krav om at skulen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk. Dette skal sikre at alle skular vel skriveprogram som har tilfredsstillande nynorsk, slik at alle elevar får bruke skriveprogram av god kvalitet, uavhengig av hovudmål, seier Brenna.

Dette var også foreslått i framlegget frå Melby, med atterhaldet «så langt som råd». I dette framlegget er dette atterhaldet fjerna, som gjer at det ikkje under nokon omstende kan brukast program som ikkje stør både nynorsk og bokmål fullt ut.

Statsråden stadfestar at begge desse endringane er veldig viktige.

– Det hadde øydelagt veldig mykje for elevane om dei ikkje kunne valt nynorsk som språk, eller at det hadde vore raude strekar under korrekt nynorsk fordi retteprogrammet var på bokmål, så eg er veldig glad for at vi har fått på plass det.

Kunnskapsminister Tonje Brenna.
Foto: Tobias Christensen Eikeland / Motmæle

– Språkkrav kan innsnevre kreativiteten

– Kvifor har departementet lagt seg på ein så avgrensa definisjon av læremiddel, som ikkje inkluderer dei læremidla som faktisk blir brukt i skulen? 

– Vi må vere tydelege på å skilje mellom læremiddel og læringsressursar, altså andre ting vi brukar. For læremidla er kravet absolutt, og vi vidarefører kravet om at læremiddel skal liggje føre på elevane si målform.

Brenna håpar at Stortinget vil støtte dette.

– Så er det alle andre ting ein brukar i samband med opplæringa. Det kan jo vere at læraren ønskjer å setje ekstremisme på dagsordenen, til at ein ønskjer å vise innhald frå NRK Super for å gjere undervisninga meir relevant. Der er det vanskeleg å ha eit parallellitetskrav, rett og slett fordi behovet for ein læringsressurs oppstår i den enkelte opplæringssituasjonen. Eg er bekymra for at vi ville fått ei innsnevring av kor kreativ ein kan vere i opplæringssituasjonen, om vi hadde hatt eit så stramt krav.

Kunnskapsministeren seier at denne bekymringa er større enn bekymringa for at ein ikkje brukar nynorsk der ein kan.

– Det veit eg at mange lærarar er opptekne av. La oss seie at du er ein lærar som står i klasserommet, og får ein idé, og elevane blir kjempeengasjerte i den, men så kan du ikkje lenger gjere det fordi du ikkje kan gjere det på nynorsk. Det hadde vore dumt for opplæringa, også for nynorskelevane, meiner Brenna.

Kunnskapskapsdepartementet opplyser om at det er kommunen og fylkeskommunen som må vurdere om den samla bruken av læremiddel og læringsressursar på skriftspråket til eleven er tilstrekkeleg for å at rettane til elevane blir oppfylte.

Meiner at parallellitetskravet ikkje kan femne om meir

Då lovframlegget vart lagt fram førre fredag, reagerte ei samla målrørsle på at det ikkje var gjort nokon endringar i læremiddeldefinisjonen. Dei meiner parallellitetskravet i opplæringslova også skal gjelde for læringsressursar som er utvikla til bruk i opplæringa.

– Er det læremiddel vi diskuterer, så er det parallellitetskravet som gjeld. Går vi vekk frå det, då kjem nynorsken til å tape, for då vil vi ikkje kunna hatt noko parallellitetskrav. 

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap)

– Meiner du at den pedagogiske fridomen til lærarane går framføre språkrettane til elevane?

– Det som ikkje står i lova, er at eg ikkje kan vise ein episode av julekalender på NRK Super, fordi den ikkje er teksta på nynorsk. Det er veldig fint om ein vil sjå julekalender i lag, og då tenkjer eg at vi må vere heilt tydelege på å skilje mellom læremiddel, og andre læringsressursar som vi på ein eller annan måte brukar i klasserommet. Er det læremiddel vi diskuterer, så er det parallellitetskravet som gjeld. Går vi vekk frå det, då kjem nynorsken til å tape, for då vil vi ikkje kunna hatt noko parallellitetskrav. Så styrken for nynorsken er at vi insisterer på å stå hardt på det.

Kunnskapskapsdepartementet ønskjer å understreke at samansetninga av læremiddel og ressursar som blir brukt, i sum skal støtte opp under skriftspråket til eleven. Kva som blir omfatta av parallellitetskravet, skal sjåast i samanheng med retten eleven har til å velje om hen vil ha læremiddel på bokmål eller nynorsk.

Saka vart oppdatert 29. mars kl. 19:37: Sitatet «Med denne lova styrkjer vi rettane til dei som brukar sidemål» vart retta til «Med denne lova styrkjer vi rettane til dei som brukar eit sidemål».