Nynorskelevane fortener betre!
Helga 14.–15. november samla Norsk Målungdom seg til omframt landsmøte på Zoom. Planen var eigentleg å møtast på eit hotell på Gardermoen, men slik ville ikkje koronaen ha det til. Men ingen pandemi skal få stoppe den norske målreisinga, og det digitale møtet blei likevel godt gjennomført.
På møtet vedtok vi at dei politiske hovudprioriteringane for Norsk Målungdom fram mot neste landsmøte skal vere språk i skolen og å jobbe fram mot stortingsvalet 2021. I tillegg skal vi prøve å finne gode løysingar for å drive med både lokal og nasjonal aktivitet også når det er vanskeleg å treffe kvarandre fysisk.
På møtet vedtok vi også to nye fråsegner. I den eine av dei ropte vi hurra for at regjeringa no har sendt ut ei høyring med framlegg til samiske og kvensk namn på kongeriket Noreg. Dette har Norsk Målungdom ønskt seg lenge. Vi meiner dette er eit viktig bidrag for å synleggjere det norske språkmangfaldet.
Den andre fråsegna er ikkje like lystig. Ho handlar nemleg om barn i Noreg blir systematisk tvinga til å nytte eit anna språk enn hovudmålet sitt. Dette er svært alvorleg og Norsk Målungdom meiner dette bryt med SNs konvensjon om barnerettane på fleire punkt.
Når nynorskelevane ikkje får sjansen til å bli trygge i hovudmålet sitt, respekterer ikkje staten barnet sin rett til å bevare identiteten sin (artikkel 8), barnet får innskrenka ytringsfridom når ein ikkje får ytre seg på sitt eige språk (artikkel 13), og staten tar ikkje omsyn til barnet sitt beste (artikkel 3).
Det burde vere sjølvsagt at Noreg skal følge barnekonvensjonen. No krev landsmøtet i Norsk Målungdom at staten tar grep, at alle nynorskelevar får lærebøker på språket sitt, og at skolen legg til rette for at nynorskelevane får nytte skriftspråket sitt.
Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom.