Sprett Mozellen og nyt galskapen

Sprett Mozellen og nyt galskapen
Illustrasjon: Anna Sofie Ekeland Valvatne

I mars endra verda seg fullstendig med eit pennestrok. Land stengde grensene sine, og folk måtte ha heimekontor. Skulane stengde. Verda stengde. Alt såg rimeleg mørkt ut der ei stund; vi trudde botnen var nådd, men mørkare skulle det altså bli. 18. mars blei Eurovision Song Contest, eller Grand Prix, som mange kallar konkurransen her til lands, avlyst. Koronaen hadde blåst ut eitt av få lyspunkt i det som såg ut til å bli eit dritår av dimensjonar; glitter, modulering og kleine programleiarar skulle ikkje få losa oss ut av den tunge tåka som tekte verda. Redninga skulle komma frå uventa hald, frå koronahovudstaden i verda: USA – sjølvaste Sambandsstatane. I juni blei nemleg Eurovision: The Story of Fire Saga sleppt på Netflix. Her snakkar vi Eurovision sett med amerikanske augo: Vi snortar glitter og får modulering intravenøst. Minst like kjekt: Vi får sjå akkurat kor feilaktige, og kor riktige, amerikanarane sine oppfatningar av europearar er. 

Filmen følger islandske Lars Erickssong (Will Ferrell) og Sigrit Ericksdóttir (Rachel McAdams) si ferd mot Eurovision. Dei er sannsynlegvis ikkje søsken, men kan likevel ikkje følga opp kjenslene dei har for kvarandre. Saman utgjer dei nemleg gruppa Fire Saga, og det er ei kjent sak at romantiske forhold bryt opp band.

Valet av Island som scene for delar av filmen er lurt. Ikkje berre er Island vakkert å sjå på, men islendingane er òg over gjennomsnittet glade i Eurovision, trass i at dei tradisjonelt ikkje har gjort det så bra i konkurransen. For dei med øyra for aksentar skaper òg skodespelarane sine forsøk på islandsk-engelsk ein del moro: Aksentane varierer i kvalitet, frå nokolunde ok (Rachel McAdams) til ganske dårlege (Will Ferrell) og heilt forferdelege (Pierce Brosnan). Når vi først er inne på Pierce Brosnan, så må det seiast at han kler rolla som Will Ferrell sin far eksepsjonelt godt, sjølv om «daddy» nok er eit meir beskrivande ord for Brosnan i denne samanhengen. 

Måten europearar er framstilte på i filmen, er gjennomgåande parodisk, samtidig som den i stor grad fell saman med våre eigne fordommar mot andre land i Eurovision-kontekst. Russaren er homoerotisk, kvinna frå Hellas er berre erotisk, og svenskane er litt for hippe og kule for sitt eige beste. Det same gjeld songane: Dei grensar på parodi, samtidig som dei fangar opp alt som er gøy med Eurovision. At Will Ferrell faktisk insisterte på å synga sjølv i fleire av songane, gjer sitt til at lattermusklane og dansefoten duellerer medan ein ser på. 

2020 er året vi hadde trunge Eurovision meir enn nokosinne. Då er det fint at vi fekk eit plaster på såret, i form av ein heilteit, men hjartevarmande komedie, like distinkt amerikansk som den er europeisk. Så sprett mozellen, hiv litt glitter i fjeset og nyt galskapen. Det er vel unnt.

Vetle Mikkelsen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *