Framtidas målungdommar er på TikTok!

I førre Motmæle melde Dordi Boksasp Lerum at det var på høg tid at Norsk Målungdom lastar ned TikTok. Når medlemmar tek til motmæle på den måten, då må ein berre lytte. Så no sit vi her, med TikTok! Denne teksten fungerer difor framom alt som ei annonse for vår brukar der. Finn fram til @malungdom og følg vår reise inn i framtida. 

Vegen mot denne framtida har vore av det lange slaget. Det har tatt eitt år frå TikTok-frøet vart planta, til ein no kan sjå det blomstre. Frøet vart planta i det ein må kunne kalle vanskeleg jord. Nokon vil nok også påstå at det rett og slett ikkje var dyrkbar mark. Gjennom eit ordskifte her og eit ordskifte der, artige samtalar i lunsjar og rundt middagsbord, og sterke innlegg i Motmæle, har frøet likevel begynt å spire. Det heile enda med at landsstyret i september vedtok ein kommunikasjonsstrategi der ei av kommunikasjonsformene var TikTok. Litt seinare i september vart appen lasta ned. 

Varselslampene kan sløkkast! Ungdommane som sit i sentralstyret, kjenner seg absolutt ungdommelege nok til å halde på med noko av det mest ungdommelege i heile verda for tida. Eller, dei har i det minste forstått at dei kanskje berre må kjenne seg ungdommelege nok. No kan alle pusta letta ut. Framover blir det mindre sosing med strikketøyet i den eine handa og twittereliten i den andre. No er vi kule interessante og nytenkande tiktokarar. 

Det er i alle fall den draumen me ber på. Vi vil gjere TikTok til ein plattform der nynorsk høyrer heime. Der du som nynorskbrukar ikkje skal stå åleine med å lage innhald på ditt språk, men der vi kan stå der saman med deg. Om du har sakna korte videoar du som nynorskbrukar kan relatere til, håpar vi @malungdom kan vere svaret. Nesten 50 000 har allereie funne eit eller anna i tiktokane våre, kanskje du blir den neste. 

Som ein så ofte ser igjen og igjen, blir det ikkje berre nynorsk ein plass, vi må jobbe for det. Vi kjempar for nynorske læremiddel, og vi kjempar for nynorsken på TikTok. Her har alle vi som skriv nynorsk eit ansvar, og kanskje vi som er målungdommar eit ekstra. For vi veit at vi har eit heilt lag i ryggen. Det er enklare å gå mot straumen når du veit at du ikkje går heilt aleine, og vi veit at vi har ein heil gjeng med folk i denne organisasjonen som alltid står saman med oss. Difor oppfordrar eg nett deg til å slå eit slag for nynorsken på TikTok saman med oss! 

Frida Pernille Mikkelsen, skrivar i Norsk Målungdom.


Legg att eit svar