Skjer det noko med dialekta di når du fer heim?

Skjer det noko med dialekta di når du fer heim?
Illustrasjon: Anna Sofie Ekeland Valvatne

For nokre år sidan hadde NSB ein reklame om ein student som tok toget heim til jol, og tok toget heim til dialekta si. For kvar stasjon vart målet litt breiare og ho litt gladare.

Alle vil skifta talemål etter kven me snakkar til og kva me snakkar om. Målet vert annleis i ein presentasjon framfor klassen enn i småprat med sidemannen. Men for dei fleste av oss er det same dialekta me brukar. Ho har berre mange former. Dialekta er same kroppen, men ho har ulike klede på.

Det at me kan bruka same dialekta i familien og med nære vener, som me kan bruka på møte og Storting, er spesielt i verdssamanheng. I mange land vil du bli sett på som udana, uutdana og dum om du brukar feil dialekt i feil situasjon. For å unngå det må du leggja om og bruka dialekta til nokon andre i staden.

Denne standard-dialekta ligg gjerne nær skriftspråket, og dei som snakkar henne, trur gjerne at dei snakkar skriftspråk. Det finst mange folk rundt om, kanskje særleg kring Oslo, som trur dei snakkar bokmål. Det er ein tanke om at oslomålet ligg nær opp til bokmålet.

Det er litt bakvendt.

For det er heller bokmålet som har lagt seg nær opp til oslomålet, og kanskje særleg dei litt finare folka i Oslo. Slik er det i land etter land. Skriftspråket utviklar seg frå talemålet til overklassen i hovudstaden, og sidan brukar dei skriftspråket som prov på at talemålet deira er det riktige talemålet. Det at skriftspråket er basert på overklassens talemål, vert eit prov på at overklassens talemål er den riktige måten å snakka på.

Då vert dei andre talemåla uriktig måte å snakka på: Nokon får dialekter som er stygge, medan andre får dialekter som er eksotiske og rare. Ofte er det dei som nesten snakkar «riktig» som får stygg dialekt, det er bøndene og arbeidarane kring hovudstaden som har det språket som vert sett mest ned på. I Noreg ser me at eit standard austlandsmål fortrengjer dialektene i eit stadig større område rundt Oslo. Det er ikkje noko kjekt å ha eit språk som andre ser ned på.

Det er heller ikkje alltid so kjekt å ha eit språk som gjer deg eksotisk og rar. Snakkar du på ein måte som andre synest er litt merkeleg, kan det fort bli korleis du seier noko som vert viktig, heller enn kva du seier. Du blir til ein viss grad eit symbol på staden du kjem frå, og i mindre grad ein person og eit individ frå staden du kjem frå. Og dette handlar til sjuande og sist om at du kjem frå ein annan stad enn overklassen i hovudstaden.

Likevel er det betre å vera ein eksotisk framandkar enn ein som ikkje har lært å snakka skikkeleg. Vossamålet har tilpassa seg oslomålet, men det er ikkje vorte borte på same vis som dialektene rundt hovudstaden. Dialektene rundt hovudstaden har blitt dømt som stygge, medan vossamålet har blitt dømt som eksotisk og spanande. 

Det er ei sentralmakt som har avgjort at slik skal det vera, og ho har ikkje gjort det medvite. Det er ingen som har sete ved eit bord og sagt at mossemålet skal vera stygt og vossamålet pent, det er haldningar som har sive inn som fylgje av strukturane i storsamfunnet. Det er ikkje basert på demokratiske avgjerder, diktatoriske avgjerder eller objektive kriterium. 

På ein måte kan ein seia at det standard austlandsmålet er meir eksotisk og spanande enn vossamålet. Det er språksystem som går frå dei tradisjonelt norsk-talande stroka i Troms og Finnmark i nord til Agder i sør, og frå Fjordane i vest til Østfold i aust. Vossamålet fylgjer dette språksystemet, men med sine lokale tilpassingar og lokale måtar å setja det ut i livet. So òg i dei fleste byar og bygder her til lands, nokre med større endringar i systemet, andre med mindre. Oslo og Bergen er kanskje dei to stadene der det er størst endringar frå det sams språksystemet, og difor kan me seia at det er nokre av dei mest eksotiske dialektene i landet.

Slik er det ikkje, for det er der makta sit. Ho definerer seg til å snakka normalt. Og det gjer ho jo, sentralmakta har ikkje mindre rett på dialekta enn andre. Problemet kjem fyrst når ho definerer andre til å snakka unormalt. Og det gjer ho jo òg.

For 50–60 år sidan var andre dialekter sopass uglesett at det var sjeldan du høyrde anna enn riksmål i radioen og i dana selskap. So kom målfolket med venene sine, og fekk endra på det. Det var eit medvite arbeid i kulturlivet, politikken og kvardagen.

Då vart dialektene aksepterte, men målfolket klarte ikkje å gjera dei likeverdige. Det arbeidet står framleis att. Og får me til det, vil me framleis endra dialekta når me fer heim til jol. Men det vil vera av di me snakkar med andre folk, snakkar om andre ting, og ikkje av di me tilpassar oss ei sentralmakt i større eller mindre grad.

Åsmund Kvifte


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *