Bokmelding: Septologien av Jon Fosse

Eg kan ikkje love noko som helst. Eg skal ikkje seie at det å lese dette verket vil endre din innfallsvinkel til verda. Eg skal ikkje hevde at ein gjennom Fosse får ei lesaroppleving som vil gjere alle til lags. Eg skal ikkje føreseie at lesaropplevinga di vil bli som mi. Men eg vil seie at det å gi Septologien ein sjanse kan vise seg å vere vel verdt innsatsen

For Septologien, Jon Fosses nyaste og hittil største romanverk, er eit verk som eg er sikker på kan vekkje litteraturmagien til live hjå mang ein lesar. I dette verket fortel Fosse historia om Asle, ein målar som bur utanfor Bjørgvin ein stad. Det er like før jul, og Asle jobbar med å ferdigstille ei utstilling han skal setje opp i byen i juletida. Asle er ein barnlaus enkjemann og bur åleine med lite kontakt med omverda, forutan vennen Åsleik og ei handfull andre karakterar. Kona hans, Ales, møter vi i attersyn, det same med foreldra, systera og besta. 

I tillegg til eg-personen Asle møter vi òg den andre Asle – ein slags dobbeltgjengar med mange likskapstrekk med eg-personen. Er denne Asle ein annan Asle, eit slags anna levd liv dersom noko hadde vore annleis? Eller er denne namnen, som han vert omtala som, ein reell annan person? Denne uavgjorde dualiteten fylgjer verket frå start til ende, og det vert opp til lesaren sjølv å forstå.

Dei tre bøkene som utgjer verket tek lesaren med gjennom Asle sine dagar fram mot julaftan, fylte av matlaging og måltid, bilkøyring og drosjetaking. Men mest av alt inneheld bøkene den rike tankeverda til Asle. Det er nemleg tenkinga, refleksjonen og attersyna til Asle som er midtpunkt i forteljinga om denne målaren som nærmast tenkjer meir enn han handlar. Og det er her i tankestraumen dei sentrale temaa i verket trer fram tydelegast fram. 

Av desse temaa er kanskje det mest fengslande det at enkelte ting ikkje let seg seie, noko av det inste og det viktigaste i tilværet vert til inkje når ein skal forsøkje å setje det i ord. Det er imidlertid dette kunsten og trua freistar å bringe til syne i verda. Når Asle målar eit bilete eller når han lågt ber «Vår herre»-bønna på latin, vert noko av det useielege, usynlege og uskjønlege forvandla til noko synleg og skjøneleg, om enn berre i avgrensa grad. Mørket blir lysande og noko som kanskje kan reknast som Gud syner sin natur gjennom kunsten og den personlege trua, og det er i desse stundene Fosse fangar merksemda mi mest. Samstundes skapar Fosse òg rom for det kvardagslege i Septologien. Matlaging, bilkøyring, humor og ordknappe men nære samtalar mellom Åsleik og Asle. I sine tidlegare og kortare verk vart han kjend for å seie mykje med lite. Her seier han òg lite med mykje.

Både tankestraumane og det kvardagslege vert ført i Fosse sin penn, og lik som i måleria til Asle let ikkje forma og innhaldet seg skilje i Septologien. På eit vis blir forma til innhaldet – og innhaldet vert til forma. Språkføringa og rytmen er sterkt samanvove med handlinga i verket, ein kan ikkje endre den eine og halde den andre lik. Det gjer at ein ikkje kan forstå verket ved å lese eit samandrag, men til gjengjeld vert lesaropplevinga sterkare av det. Språkføringa gjev òg ein meditativ kvalitet til verket, lesinga vert til ein slags meditasjon i språket.

Sjølve språket er naturlegvis nynorsk, og det er ei glede å lese. God nynorsk har den effekten at eg sjølv vil skrive stendig betre nynorsk, og Septologien gjer nettopp dette. Særleg vil eg trekkje fram ordtilfanget i bøkene som kan både overraske og lære noko nytt til den mest erfarne målmann. Det verkar for meg tydeleg at Fosse medvite har lagt ein innsats i nynorsken i verket, og det får både han og lesar mykje att for. 

Septologien er ein bauta, og den er med sine tre bøker på til saman over 1000 sider det største verket i Fosse sin produksjon. Det kan kjennast avskrekkande å skulle starte på noko slikt, men eg trur at mang ein lesar vil kunne sjå den same magien i det Fosse skriv som eg gjer. Og denne kvaliteten kjem særleg godt til uttrykk i Septologien

Mor mi samanlikna verket med eit slags poetisk drops som ein kan hente fram, kose seg med ei stund, og leggje vekk, for så å ta opp att seinare. Eller kanskje den er meir som ei stor evigskapskule. I alle fall er denne evigskapskula noko ein bør gje ein sjanse. Det kan det vise seg å vere vel verdt. 

Tekst: Andres Øverbø

Legg att eit svar