Korleis vestlendingane gav meg identitetskrise

Korleis vestlendingane gav meg identitetskrise

Då eg flytta til Bergen for over fem år sidan, var eg ganske godt budd på det meste: Eg var klar for å treffe nye menneske, eg syntest det var heilt i orden å ikkje kunna reise heim så ofte, og eg rekna med at talet på spørsmål av typen «er du frå same stad som Odd Nordstoga?» i veka, ville søkke etter kvart. Det siste hadde eg stort sett rett i, men eg var ikkje heilt budd på kor frustrerande temaet kom til å bli.

Før eg flytta til den såkalla vestlandshovudstaden, hadde eg budd i Gudbrandsdalen heile livet. Seksten år på Lesja og tre år på Vinstra. Det hadde vore ein overgang å flytta på hybel da eg byrja på Vinstra vidaregåande, men overgangen frå Vinstra til Bergen var faktisk større. I Bergen er eg jo omgjeven av vestlendingar!

Så kan ein jo (med rette) spørja: Er det eit problem, da? Det korte svaret er «nei». Eg fekk rett nok eit problem da eg flytta hit, men det var ikkje vestlendingane i seg sjølve som var problemet. Problemet var at dei stempla meg som austlending. Og ikkje nok med det. Dei stempla meg som ikkje-SÅNN-austlending.

Sidan dette kom frå menneske som brukar austlending litt (og til tider meir enn litt) nedsetjande, gjekk eg utifrå at det å ikkje vera SÅNN-austlending stort sett var positivt. Likevel var ikkje-SÅNN-austlending ein ganske forvirrande kategori å bli putta i. For kva i all verda innebar det? For å finna ut av det byrja eg med å finna ut kva ein SÅNN-austlending, eller heilt enkelt austlending, var.

Etter å ha tenkt altfor mykje på det og høyrt fleire døme på nedsetjande bruk av austlending, kom eg fram til at SÅNNE-austlendingar truleg er dei som bur i eller ved by, har bokmål som hovudmål og endrar «nynorsk ordliste» til «spynorsk mordliste» ved alle høve. Flott. Det passar jo fint det, men det løyste ikkje identitetskrisa mi. Ho kom visst av noko anna.

Da eg hadde funne ut at problemet ikkje kunne koma av at eg ikkje passa inn i kategorien ikkje-SÅNN-austlending, kom eg fram til det eigentlege problemet: den opplevde enorme avstanden mellom identiteten eg vart tillagd som ikkje-SÅNN-austlending (og det å i det heile teke bli sett på som austlending) og det eg sjølv identifiserte meg som, lesjing. Eventuelt døl. I enkelte høve opplending, men der gjekk grensa. Eg var ikkje austlending, og ikkje ikkje-SÅNN-austlending.

Okei, så eg fann ut kvar problemet låg, men kva vart så løysinga på identitetskrisa? Eg er ikkje heilt sikker, men eg har nok berre akseptert det og kome fram til at det er det same kva vestlendingar og SÅNNE-austlendingar (som gjerne ser på meg som anten ikkje-EIGENTLEG-austlending eller hedmarking (!)) og alle andre synest eg er. Så lenge eg kan identifisere meg som lesjing og ha «Lesjasangen» i ramme og glas på gardinbrettet, er det ikkje så gale å vera ikkje-SÅNN-austlending av og til heller.

Ingrid Mølmen Gråsletten, landsstyremedlem.

One thought on “Korleis vestlendingane gav meg identitetskrise

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *