Nynorsk for utlendingar

Som ein klart kan sjå frå namnet mitt er eg utlending, med engelsk som morsmål. Eg byrja å lære norsk for snart 6 år sidan av di eg ville lese dei norrøne sogene på eit språk nærmare det dei var skrivne på. Det såg ut som om det var fleire nettsider eg kunne bruke for å bli heilt flytande – Duolingo, Babbel, Memrise osb. Men ein ting mangla. Ein ting som førte til at eg ikkje skjønna kva dei fleste sa til meg. Eg forsto berre folk frå Oslo fram til det tredje året, då eg byrja å lære dialekten frå Karlsøy kommune, Nord-Troms. Eg kunne skriftleg norsk no, tykte eg, så munnleg norsk skulle bli enkelt.

Det tok meg rundt to år til før eg såg kvifor eg sleit så mykje – systemet eg hadde skrive på heile tida var ikkje i samsvar med det munnlege. Eg sa «dokker», men måtte skrive «dere». Ei setning som «æ blir å gjære de men må fare heim att først» måtte eg skrive «Jeg kommer til å gjøre det men må dra hjem først». Så klart veit eg om radikalt bokmål no, men det gjorde eg ikkje då!

På den tida hadde eg nett starta eit utvekslingsår i Bergen ved universitetet, og i første semesteret tok eg eit kurs med namnet «Kurs i norsk språk og kultur for framandspråklege studentar, trinn 3». Trass i namnet var heile kurset på munnleg og skriftleg bokmål. Og det hadde vi ikkje noko val om. Ein av timane handla om nynorsk. Vi lærte korso dei to skriftspråka var forskjellige, og korso bokmål ættar frå dansk, mens nynorsk blei grunnlagd på dialektane. Plutseleg klikka noko i hugen. Det var då eg sette meg føre å skrive på nynorsk. Det var ikkje lett – eg måtte gjere alt aleine gjennom bokmål – men eg klarte det. 

Etter alt dette såg eg at eksamenen berre var på bokmål, og det var ikkje noko eg kunne gjere med det. «Det går greitt,» tenkte eg, «det gjeld berre hausten. Eg får ha eksamen på nynorsk på trinn 4 i vår!» Det fekk eg ikkje. Trinn 4, det som går vidare enn det ein vite for å studere på eit norsk universitet, var òg berre på bokmål. Dette verka urettferdig. Eg trudde skriftspråka var jamstilte. Men det såg ut som om det berre galdt blant nordmenn, ikkje studentar som meg. 

Det er verdt å seie at dette ikkje var første gong eg høyrde om nynorsk. Eg blei med i ein Discord-tenar som heitte English-Norwegian Language Exchange sommaren 2016, og der var det fleire som skreiv på nynorsk. Eg kunne lese det lenge før eg bytte hovudmål, men å skrive det var noko heilt anna. Nokre få år seinare, og no eig eg (etter litt drama) ein tenar som heiter Norwegian-English Language Learning Exchange (NELLE), der mange nybyrjarar har ei liknande erfaring med det eg hadde før. Dei fleste lærer seg bokmål, sidan alle ressursane er engelsk–bokmål. Ingenting på nynorsk. Fleire vil lære nynorsk, men fleire er redde grunna mytar og ein mangel av ressursar på eit språk dei kan.

Eg spurde nokre av dei kva dei meiner om nynorsk, og svara eg fekk, synte fram det same biletet eg fekk då eg starta. 

«My main course is in bokmål and there are literally no courses to learn nynorsk. Even if i tried – at best I could find a private teacher, but that would get crazy expensive.»

«My view on Nynorsk is that it is a beautiful variation of Norwegian that is underrepresented in terms of resources for me as a learner to look at. It’s almost as if it’s the next step after you’ve got a understanding of bokmål…»

«I wish there were more resources for nynorsk from English, it seems like a very difficult thing to learn off the bat»

«Due to [nynorsk’s] lack of popularity in Norway…it seemed more worthwhile for me to learn bokmål.»

Meldinga er klar. Nynorsk er skremmande for dei. Ingen får lære nynorsk med mindre dei kan bokmål først. Nokre vil ikkje lære nynorsk sidan det ikkje verkar nyttig. Verda ser på bokmål som den einaste forma for norsk, eller den viktigaste. Nynorsk er berre noko på sida. Ein kan gløyme det.

Om vi strir for jamstilling, burde ikkje ressursane vere på begge språk? Eg meiner første steget blir nok å kjempe for eit Duolingo-kurs på nynorsk. Fleire har spurt, men ikkje noko svar har komme. Lat oss lære bort målet vårt!

Andrew Rabbitt

One thought on “Nynorsk for utlendingar

Legg att eit svar