Gje merksemd til morsmålsdagen

Den 21. februar er morsmålsdagen. Dagen vart oppretta av FN for å setje fokus på tap av språkmangfald i verda. Få dagar passer betre for å fundere litt over språkutviklinga vi har hatt og har, språk som vi ser var brukt av heile samfunn, men som i dag ingen lenger forstår.

Morsmålet i eit land synest på stadnamn. Mange namn endar på foss, som Hunderfossen eller Månefossen. Berre nokre mil skil Billingsfors i Sverige og Sarpsfossen i Sarpsborg, men endringa frå -fors til -foss vitnar om at folk som bur ved dei to fossane, talar ulike språk.

Nokre gongar syner stadnamn at språk har gått tapt. Heimlege namn ber ofte på ei historie vi ikkje kjenner, fordi vi ikkje lenger forstår stadnamnet. På Ørlandet, der eg vaks opp, har vi Austrått, gjort kjent i heile landet gjennom Ibsens Fru Inger av Østråt. Men kva betyr Austrått? Om du ikkje var eksponert for nynorsk i oppveksten, er det ikkje sikkert du skjøner at austr- står for himmelretninga. Men kva med -ått? Også andre stader i landet finn du slike namn. Kva betyr namnet Oslo, eller leddet nid- i Nidelva i Trondheim og i Arendal? Sjølv om vi ikkje skjøner det med det same, kan vi leite oss fram til det i leksikon, der folk som har brukt mange år på å forske på norrønt, forklarer oss det.

Dei siste to åra har eg budd i Rogaland, der eg oppdaga namn som Sola, Lura, Soma, Hinna. Dei er ikkje norske, men kjem av eit gamalt mål. (Ikkje la deg lure av Sola, staden i Rogaland får tonelag 2, medan sola på himmelen får tonelag 1.) I motsetning til Nidelva, som kanskje betydde «nede i elvelaupet», er opphavet til dei gamle namna i Rogaland uvisst. Dei er leivningar etter eit språk som for nokon var eit morsmål, men som ikkje finst lenger. Eit språk som bar på mange historier, og som kanskje hadde opna døra til ein kulturarv, men som vart tapt for alle framtidige slekter.

På heimebane er mellom anna samisk og romanispråk i ei vanskeleg stilling. Med kjente brukarar og gode førebilete, som Ella Marie Hætta Isaksen, får samisk høgare status, og det kan sjå ut til at samisk opplever ein renessanse blant unge. Lell er det verdt å merke seg at for berre hundre år sidan fanst det 11 samiske språk; i dag er to av dei døydd ut, det siste i 2003. Vi må framleis jobbe for å sikre gode vilkår for minoritetsspråk.

I dag er det lettare enn nokosinne å flytte mellom språkområde og bruke framandspråk der dei ikkje høyrer heime. Da er det desto viktigare å ta vare på språk. Det krev innsats, men eg er glad for at eg tok vare på mi mors mål, men også på dialekta frå den staden der eg vaks opp. Dei er døropnarar til både menneske ein treffer på tur, noko å «bonde over», men òg ein inngangsport til ein større og rikare kulturarv. Mistar vi språk, blir både vi sjølv og kulturen vår fattigare.

Michal Jan Warecki

Legg att eit svar