Ein bytur med Frida frå Firda

Me møter den påtroppande leiaren, Frida Pernille Mikkelsen, på Skrivarstova. Frå det opne kontorvindauget i fjerde etasje strøymer lyden av Sommar-Oslo inn i rommet: trafikkstøy, litt fuglekvitter, elsparkesykkelsus – og jammen høyrer me ikkje nabopøbben spela Eye of the Tiger for fjerde gong. Etter å ha arbeidd som skrivar her i eitt år har Frida ein imponerande kjennskap til samtlege 80-tals hits, og ho har dessutan utstyrt seg med både ullgenser og varmeomn for å takla ei iskald skrivarstove, som sjølv ikkje midsommars er heilt leveleg. Ho er med andre ord meir enn rusta for å sitja her det neste året òg, men me i Motmæle er ikkje her for å undersøka korleis det står til med HMT-tiltaka i Målungdommen (det er dessutan per i dag Frida sin jobb). Me er her for å bli betre kjende med mennesket Frida. Og for å skravla i sola, sjølvsagt. Endeleg kan Frida forlata det kalde kontoret i arbeidstida med eit anna mål enn Pepsi Max på Rema 1000. Ho hengjer kjapt frå seg ullgenseren, finn fram solbrillene og vil at me skal ta turen til sjøen.

På veg ned trappene i kontorbygget fortel Frida spennande historier frå Målungdommen si tid her. Me kikkar på heisen Gunnhild sette seg fast i, søppelhaugen i kjellaren der fleire av kontormøbla våre kjem frå, og stoppar ikkje minst andektige framfor frisørsalongen i fyrste etasje, der sjølvaste Justin Bieber fekk seg ny sveis då han var i Norge. Frida har ikkje klypt seg der personleg, men kan røpa at opptil fleire målungdommar har vore inne på tanken etter kjendisavsløringa. Vel ute i sola møter me eit folksomt Oslo på veg mot gjenopning, og Frida fortel fornøgd at ho nyleg har fått fyrstedosen av vaksina. Det er sjølvsagt stas å få stikket og sleppa sjukdom, men ho kan dela at noko av grunnen til at ho smiler så breitt er at staten nå formelt bekreftar at ho ennå er ekte ung. Med ein forkjærleik for både broderi, fargekoordinerte rekneskap og Harry Styles kunne kven som helst hamna i alderskrise, men Frida har nå endeleg landa i sin unge identitet og med det set me snuta mot sjøen, som her i Sentrums-Oslo betyr Bjørvika.

På brua over jernbanen møter me fleire elsparkesyklistar og elsparkesyklar. Dei susar forbi (fyrstnemnde på sistnemnde) og ligg strødde utover vegen (nå på formiddagen: sistnemnde). Fleire gneldrar i møte med dei tekniske vidundera, men Frida stryk kjent over styret på ein sykkel mens eg knipsar bilde. «Det er gøy med elsparkesykkel» slår ho fast, «fyrst og fremst fordi det gir meg ei kjensle av å køyra bil. Ekte køyreglede.» Då førdianaren flytta til hovudstaden, var det mykje ho visste ho måtte gi slepp på i dagleglivet, som bilkøyring, hjortebiffen til pappa og synet av den omstridde skulpturen Laksen (red. anm. ein 65 m lang steinlaks som har splitta Førde i to. Frida vel i dette nummeret av Motmæle å ikkje ta eit standpunkt i denne betente saka). Desse tapa skulle likevel bli småtteri samanlikna med kva som møtte ho på universitetet. Frida stryk håret bak øyret, knip augenbryna alvorleg saman og ser utover Oslofjorden. For ei jente frå trivselsfylket Sogn og Fjordane (kvil i fred) var det ein overgang å vera i språkleg mindretal og måtte kjempa for å få bruka språket sitt. Frida kjem frå eit nynorsk kjerneområde, og å møta hindringar fordi ho skreiv nynorsk var ei ny oppleving. Som vidaregåandeelev i Firda Målungdom var målsak gode vennar, pizza og hygge. Som student i Oslo fekk engasjementet ein ny dimensjon, og etter fleire år med sentrale verv i organisasjonen står ho altså her som påtroppande leiar med ein skinnande elsparkesykkel i handa og eit brennande hjarte for målsaka.

Frida kjem sikkert til å døy litt når ho les den siste setninga der, for når kameraet er lagt vekk, og me går vidare, fortel ho at «det å bli klein er ein viktig del av meg». Du har kanskje sett Frida legga ut løgne TikTok-videoar, men du har ikkje sett kor brydd Frida blir når ho ser at gamle kjente har likt dei. Å generelt vera i rampelyset, kor svakt det enn måtte gløda, er ikkje noko Frida gjer med udelt glede. Då ho spelte i korps, var 17. mai og folkehavet ein nedtur. Frida var ikkje i skolekorpset for fame, men fordi ho elska det å spela saman og skapa musikk i fellesskap. Det er noko av det same som slår ut i dag, når det å stå på stand og å stemma i på Nordmannen ikkje er det ho likar best med målarbeidet. Frida trivst nemleg best med å skravla med hyggelege målungdommar, sippa Mozell og orga i skuggen. Ein personlegdomstest hevda at den fiktive karakteren ho liknar mest er Margaery Tyrell frå Game of Thrones. Kanskje eit noko urovekkande teikn for eit leiaremne, men Frida meiner at det berre er ambisjonane dei har til felles, ikkje metodane. Då Frida noko seinare på turen begynner å snakka om at målet for nynorsken bør vera verdsherredømme, er det som om ein høyrer kjenningsmelodien til serien ljoma over Bjørvika.

Som ein sikkert har forstått, er Frida i utprega grad eit ambisiøst menneske, og dessutan glad i å laga skjematiske oversyn; ho har med andre ord planane klare for sin fyrste haust som leiar, og fortel engasjert om både den kommande vervekampanjen og framlegg til ny opplæringslov. Opplæringslova handlar mellom anna om kva språkrettar ein har som elev. I opplæringslova finn ein mykje av rettane rundt nynorsken, fortel Frida, og eit mål er å få inn språkdelt ungdomsskole, som vil seia at ein skal ha rett på å gå i nynorskklasse òg på ungdomsskolen, i staden for å hamna i blanda klassar. I blanda klassar ser ein at nynorskelevane hamner i mindretal, får dårlegare språkundervising og oftare vel vekk nynorsken. Når Frida snakkar om dette, auker tempoet på både taleflaumen og gangen i takt med engasjementet, og mens me powerwalker langs brygga slår ho fast at å arbeida med dette blir «kjempespennande og heilt avgjerande for kor me (målrørsla, altså) endar». Å få inn språkdelt ungdomsskole i opplæringslova vil vera eit kjempeløft for nynorskelevane, og dermed eit viktig steg i retning verdsherredømme. Frida er altså allereie på saka.

Me kikkar litt på måker og dei nye bygga ved brygga, før me bestemmer oss for å tusla heimover til Skrivarstova. På tampen av turen tenker Frida tilbake på då ho fyrst kom inn i organisasjonslivet. Ho blei tidleg aktiv i både Elevorganisasjonen og Målungdommen, og synest det er litt absurd å tenka på at ho nå skal vera leiar. Då ho kom inn som fersk medlem sjølv, hadde ho veldig stor respekt for leiarane og følte at dei var veldig fjerne frå ho. «Eg håper ikkje nokon vil tenka sånn om meg», seier ho, «eg vil at Målungdommen skal vera ein organisasjon der det er dritlett å senda ei melding til kven som helst». Så det er berre å slida inn i DM-sa til Frida, kjære lesar! Du finn ho på både Facebook, e-post, TikTok, LinkedIn og Instagram. (Denne kvinna kan SoMe.)

Då me til sist krigar oss opp trappene og kjem inn på kontoret, er kulda med eitt svalande heller enn livstruande. Eg rekk så vidt å legga frå meg kameraet i hylla, før Frida er tilbake i kontorstolen med ullgenser om skuldrene, tyggi i munnen og vekeplanen på skjermen. Frida har hamna i sitt utruleg fokuserte arbeidshumør (av og til får ein ikkje heilt kontakt), og tastaturet klirrar i det ho sender av garde nok ein e-post. Eit verdsherredømme bygger ikkje seg sjølv.

Idunn Victoria Rostøl

Legg att eit svar