Tarjei Vesaas på polsk

Tarjei Vesaas på polsk
Illustrasjon: Agnete Aas Haukås

I 1968 blei romanen Fuglane av Tarjei Vesaas omgjort til film av den polske regissøren Witold Leszczyński, under tittelen Żywot Mateusza (Mattis’ liv). Filmen, som boka, fortel historia om Mattis, som bur saman med søstera Olga – i boka Hege – og som ikkje føler seg heilt til pass. Han duger ikkje til noko arbeid, so det er Hege som må skaffe pengar til mat.

Fuglane er ikkje den lettaste boka å gjere om til film. Mykje av boka er dedikert til Mattis sine tankar og kjensler, noko som kan vere vanskeleg å kommunisere på film på ein god måte. Leszczyński har løyst dette ved å la Mattis seie tankane sine høgt, sånn at sjåarane kan få eit inntrykk av korleis han tenkjer. Likevel lykkast ikkje filmen med å få dette fram like bra som boka. Der boka framstår som eit omsorgsfullt portrett av ein lettare psykisk utviklingshemma person, framstår Mattis i større grad i Żywot Mateusza berre som ein litt udugeleg mann med god fantasi. Fordi me får mindre tilgang til tankane hans, får me ogso mindre innsikt i måten Mattis ser på verda på.

Filmen verkar ogso veldig oppstykka og episodisk, med tittelkort som «Skogen», «Treet» og «Sjøen», og lite samheng mellom delane. Det verkar ikkje til å vere ein raud tråd gjennom filmen, og det heile verkar litt kaotisk og som eit lappeteppe. Likevel har Witold Leszczyński på ein god måte klart å få fram den symboltunge forteljinga, til dømes med fuglane som Mattis snakkar med, og det blødande treet på slutten.

Det seier seg vel kanskje sjølv at ein polsk film frå 1968 basert på ein roman av Tarjei Vesaas ikkje er den filmen som treffer breiast. Dette er nok i hovudsak ein smal film for dei spesielt interesserte. Alt i alt synest eg det var ein heilt grei film, men med enkelte feil og manglar som ogso kanskje skyldast at polsk film framleis var i startfasen på denne tida, og at måten ein lagar film på har endra seg mykje sidan 60-tallet 

Rasmus Tennø Loe

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *