Er du eit nynorsktalent?

Om du følger Norsk Målungdom på sosiale medium, har du nok fått med deg at Norsk Målungdom, Nynorsk kultursentrum, Framtida.no og Daniel Kvammen har kåra 10 nynorsktalent. Men kva er eigentleg eit nynorsktalent, og korfor har vi kåra dei?

Vi som er målungdommar veit at det finst nynorskbrukarar over heile landet, og at dei finst i alle former, storleikar og typar. Det finst nynorskbrukande elevar, legar, bussjåførar, skodespelarar, butikktilsette, advokatar og politikarar. Vi brukar nynorsk på sosiale medium, på skolen, i sakspapir, i avisa og på handlelista, og vi er overalt.

Det er kanskje ikkje like tydeleg for dei som ikkje er målungdommar. Derfor vil vi vise fram mangfaldet som finst av nynorskbrukarar der ute. Uansett om du lærer nynorsk som hovudmål eller sidemål, om du er målungdom eller ikkje, så er det nemleg noko vi alle treng: Gode nynorskføredøme. 

Det blir brått litt lettare å halde på nynorsken når du ser at Kjartan Lauritzen har lagt ut eit innlegg på nynorsk. Kanskje får du litt meir motivasjon for å lære nynorsk som sidemål når du skrur på radioen og høyrer programmet Arian på P3. Når du ser at nynorsken eignar seg godt til å skrive bøker og lesarbrev, slik som Gaute Eiterjord, og til å bruke som artist, som Synne Vo, blir det meir naturleg å sjå at du også kan bruke nynorsken din til det.

Dei er nokre av talenta vi har valt ut, men det finst sjølvsagt mange fleire der ute! Juryleiar Daniel Kvammen hadde dette å seie om kåringa: «[Vi vil] visa at nynorsken ikkje berre er til for gretne, gamle skrotnissar, som sitt aleine på fjelltoppar, les tung litteratur, og hyttar med neven mot alt som er nytt. Det handlar om ungt blod, nye tankar og sterk gnist.» 

Er det nokon som har nye tankar og sterk gnist, så er det vel oss i Norsk Målungdom? Vi er jammen meg nynorsktalent, vi også. Nett DU bidrar til å løfte nynorsken kvar gong du brukar han. No håpar eg at nynorsktalenta vi har vald ut kan vere til inspirasjon, og gler meg til å oppdage enda fleire talent i framtida! 

Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom.



Legg att eit svar